0,00 kr
Forstørr bilde
Svalene i Lisboa
Svalene i Lisboa

Svalene i Lisboa

Artikkelnr:
9788281400313
Forfatter:
Ronny Spaans
Språk:
Nynorsk
Sider:
66
Innbinding:
Heftet
Utgivelsesår:
2008
Format:
148 x 198 mm
Lagerstatus:
1000+
Pris:
225,00 kr
202,00 kr
Antall:

Ønskeliste

Logg inn eller registrer deg for å benytte ønskelister.

”Svalene i Lisboa” plasserer Ronny Spaans både i ein nynorsk poesitradisjon og i ein større europeisk fellesskap, med Elena Sjvarts og Bella Achmadulina i Russland og Derek Mahon i Irland som tilknytingspunkt – alle representantar for ein ubroten klassisk orientert lyrikktradisjon i utkanten av Europa, som har fornya seg i samsvar med ein samtidig, modernistisk poetikk. Med vekt på bilete, rytme og forteljing står Spaans fram som eit friskt pust i norsk lyrikk. Ronny Spaans er fødd i 1976 og oppvaksen i Brønnøysund. Han har budd i Nederland og Spania og har tilhøyrsle i miljøet kring Senter for frie kunster i Oslo. Han har publisert artiklar og dikt i ”Bokvennen”, ”Lyrikvännen” og ”Norsk Litterær Årbok” og har redigert ei nyutgåve av Emil Boysons ”Europeisk poesi” (2006). I år er han medredaktør av ei essaysamling til hundreårsminnet åt Olav H. Hauge. Med ”Svalene i Lisboa” debuterer Spaans som lyrikar.

 Produkter

Eks mva
Handlekurv
Ingen varer i kurven
Informasjonskapsler
X
Vi bruker informasjonskapsler. Dersom du fortsetter å bruke denne siden godtar du at informasjonskapsler blir brukt.