I morgon, i morgon, men ikkje i dag

225,00 kr 203,00 kr

ISBN: 9788281400221

Josef G. Larssen er ein høgt verdsett visemakar som gjennom mange år har forsynt musikk-Noreg med viser av alle slag. Då også slike som er blitt reine musikalske "landeplager". Alle som ein gong har opplevd Norskekysten, i aust, sør, vest eller nord, vil kjenne seg att i visene. Men Josef G. Larssen lyfter personane, stemningane og røynslene ut or den lokale og tidbunne ståstaden og gjer visene til noko universelt som vi nikkar gjenkjennande til. Visene er skrivne i samarbeid med ulike komponistar og er blitt viser som har treft både dei gladstemte og dei vemodstemte strengene hos publikum.