Stavanger bys historie : bind 1 : bispeby og borgarby - frå opphavet til 1815
578,00 kr 520,00 kr
Stavanger bys historie – bind 1: I bindet "Bispeby og borgarby – frå opphavet til 1815" skriv Geir Atle Ersland og Arne Solli om dei første seks hundreåra av Stavangers historie som by. Først om den byen som blei til som bispesete for Rogaland og Agder, og der biskopen – eineståande i Norge – var byherre fram til reformasjonen i 1537. Dernest om det bysamfunnet der handel, sjøfart og handverk var i hendene på eit privilegert og dominerande borgarskap. Etter reformasjonen var byen igjen i framgang. Samanlikna med andre byar i Norge og Norden var Stavanger i tidsrommet 1660–1815 ein mellomstor by med middels vekst. Forfattarane viser at Stavanger ikkje var så liten og prega av stillstand som det ofte er gitt uttrykk for. Forfattarane Geir Atle Ersland og Arne Solli skriv innsiktsfullt og engasjerande om det skiftande bylandskapet, om dramatiske hendingar og daglegliv, og om korleis folk i byen levde i desse hundreåra.
Les et kapittel her