Ein morgon vaknar eg ved Egearhavet : prosadikt
225,00 kr 203,00 kr
"Når eg legg saman det eg hugsar, får alt saman plass på nokre få linjer. Det må vere noko mellom, noko som bind saman romma, noko som glir i ei retning, eit mønster: ei gulblomstrete gardin i eit ope vindauge, ein raud kjole med kvit krage. Men det er berre lausrivne episodar att, desse korte glimta av noko, desse augeblinka å dvele i, rørsler, små pust." Boka fortel om både ei lausriving frå og ei vedkjenning av eigen bakgrunn og forhistorie. Prosadikta fangar inn detaljane og gir liv til ein barndom ved havet, dei fortel ei historie om oppvekst og tilhørsle, tap og sakn. Anita Arildsdatter Pedersen, født 1972, er frå Tysfjord kommune i Nordland, no bur ho i Sandnes i Rogaland. Ho har vore elev ved Forfattarstudiet i Tromsø og studert litteraturvitskap og filosofi ved NTNU og Universitetet i Tromsø. Ho debuterte med romanen "Max" i 1997. "Ein morgon vaknar eg ved Egearhavet" er hennar første diktsamling.