Utstøytt : roman
329,00 kr 296,00 kr
"Utstøytt"er ein roman om å falla utanfor, om ikkje å høyra til, og om korleis minne og det som kunne ha vore, står i vegen for det som er og kan bli. Borghild veks opp på ein avsidesliggjande fjellgard saman med foreldre, bror og bestemor. I skulen blir ho mobba og utstøytt. Kjensla av å ikkje høyra til nokon stad tar ho med seg i møtet med verda og menneska då ho flytter på hybel i byen for å gå på vidaregåande skule. I byen møter ho også Gunnar, som ho seinare gifter seg og får barn med. Borghild strever med å leva opp til den normalitet og standard som dei andre husmødrene i byggjefeltet representerer, med sine daglege ritual og gjeremål knytta til hus og heim, mann og barn. Ho utviklar ei sjukleg trong til å oppspora og slå ned på alle teikn til mobbing i nærmiljøet. Då møter ho seg sjølv i døra. Den utstøytte blir sjølv den som utstøyter. Når ho så først får jobb som lærar og seinare som journalist, får dette katastrofale utslag. Gradvis går livet til Borghild i oppløysning, i skuggen av dei vonde og trugande barndomsminna.
I sin første roman skildrar Heidi Hjorteland med varme, innsikt og innleving den sosiale utstøytinga og mobbingas mange andlet og avarter. I eit frodig, bilderikt og livfullt språk blanda med uventa observasjonar og frigjerande svart humor, ser forfattaren med eit kjenslevart blikk på intuitive og ubevisste samanhenger, og retter eit skarpt blikk på livets harde realitetar.