Dikt i utval

295,00 kr 266,00 kr

Forfatter: Birkedal, Arnt
ISBN: 9788281401501

Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge.
Dikta i denne boka er henta frå desse bøkene: Balladen om hålet i dørå (1983), Adle de trøtte hestane (1985), John Lennon: Tenk deg! (1987), Draumar og dynejakker (1989), Eg kan godt lika deg (1991), Ormen i Vaulavika (1993), For alt eg veit (1996), Brua før Widecombe (1997), To veker sist sommar (1999), (og ho andre) (1999), Kvar gong (2003), Det har komme ein komet (2003), Hynsahus (2004), Is- og Donald-svingane (2004), Kva er i vegen på Bryne? (2004), Gliper (2006), Hytteboka (2007) og Sinus (2011).
«Det er noko sjølvsagt over Birkedals slentrande poesi, eit inntrykk av noko som alltid har vore der, men som det måtte ein poet av Birkedals kaliber til for å ta fram og koste støvet av, samtidig som han opnar for noko nytt og anna.» Ragnar Hovland, Bergens Tidende, 1989.
Boka har flotte teikningar av Per Dybvig.