Den lengste historia : Rogaland 10 000 f.Kr.-1350 e.Kr. : utfyllende artikler fra Arkeologisk museum i Stavanger

395,00 kr 356,00 kr

Forfatter: Obrestad, Tor
ISBN: 9788291370880

Den lengste historia er fortellinga om korleis Rogaland vart vårt, frå det første mennesket gjekk i land på Rennesøy og fram til dei pestane me kallar Svartedauen slo folket ned for fote. I løpet av denne perioden, frå 10 000 før Kristus til midt på 1300-talet, hadde folket her søkt ly inne i Svarthola på Viste, bygt ein landsby på Forsandmoen, ført dronningar i haug både på Klepp og Gausel – og dei hadde – med Sigurd Jorsalfars hjelp – reist ein katedral inst i den vågen som hadde fått namnet Stafangr. Gjennom eit unikt samarbeid mellom Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) og Stavanger Aftenblad har Tor Obrestad fortalt det forskarane i dag veit om vår eldste tid her i Norges sørvesthjørne mot verda som ei lang historie – den lengste historia. Han har fått tilgang til all den nye viten som er samla dei siste 20-25 åra. Teiknaren Eva Gjerde har på meistarleg vis gjenskapt scenene frå det tidlegaste livet i det som blei rygenes fylke. I tillegg inneheld boka ei lang rekke korte, populærvitskaplege artiklar frå medarbeidarane ved AmS, som utdjupar og kastar lys over dei faktiske opplysningane i Obrestads tekst.