Gravferd : dikt
195,00 kr 176,00 kr
Forfatter: Askelund, Jan
ISBN: 9788291370590
I denne lyrikksamlinga gjer Jan Askelund liturgi til dramaturgi. I Gravferd er eitt livs ferd unnagjort og folk kjem saman for å minnast og ta farvel med ein ektemann, far, bestefar, pasient, nabo, lærar og kollega. Avdelingane i denne boka følgjer dei seremonielle forskriftene frå Gudstenestebok for Den norske kyrkja. Men dikta, salmane, bønene, tankane og kjenslene er forfattaren sine – slik ulike menneske tenker og føler når ein som står dei nær, skal i grava. Askelund har mellom anna gitt ut fleire romanar og diktsamlingar. Han har redigert bøker om språk og litteratur og har arbeidd som litteraturkritikar sidan 1963.